Menu

Sartor Maskin AS

Sartor Maskin AS vart skipa av Kåre Bjorøy i 1990. Selskapet hadde då 3 tilsette.
Med sunn og solid vekst er Sartor Maskin pr dags dato blitt ein betydleg aktør i bergensregionen med ca 110 egne tilsette, i tillegg til eit stort tal innleigde og underentreprenørar.
Vi er etablert med kontor, verksted og lager i Industriparken på Søre Straume.

Kjerneaktiviteten vår er grunnarbeid, og våre tilsette i felten består i hovedsak av fagarbeidarar innan maskinkøyring, skytebasar og sjåførar

Vi har gjennom åra utvikla verksemda mykje og har opparbeidd god kompetanse på gjennomføring av bygge- og anleggsoppdrag.
Vi kan derfor ta på oss eit breidt spekter av oppdrag frå ordinære bustadtomter til kompliserte hovud- og totalentreprisar.

Våre mål er å:

  • Levere alle oppdrag med god kvalitet og ha nøgde kundar.
  • Ha det kjekt på arbeid og tjene pengar
  • Vere ein samfunnsbyggande aktør i lokalsamfunnet

Godkjenningar

Selskapet har sentral godkjenning for ansvarsrett:

  • Overordna ansvar for utføring av bygg og anleggstiltak i tiltaksklasse 3
  • Overordnet ansvar for prosjektering i tiltaksklasse 2
  • Ansvarleg søker i tiltaksklasse 2

Vi er og godkjent opplæringsverksemd har stort fokus på utvikling av fagfolk gjennom lærlingeordningen

Samfunnsbygging

Vi har gjennom mange år bidratt etter beste evne til å støtte og utvikle idrett, lag og organisasjonar.

Hovudsatsinga siste åra har vore kring Sotra Sportsklubb og den store satsinga på bygge opp idrettsparken på Straume med fotballbaner, garderobeanlegg og turstiar.

Tidlegare år har det vore gjort mykje arbeid med fotballbaner på Sotra og Bergen Vest, paintballanlegg og mange andre små og store tiltak.

Vi er og ein støttespelar for mange andre lag og organisasjoner.